Bystøl - rådgjevande ingeniørar


Bystøl er ei verksemd med rådgjevande ingeniørar som driv innan bygg- og anleggsteknikk.  Verksemda er uavhengig, og er eigd av dei tilsette.

Me er ein liten og fleksibel organsiasjon. Alle yter me vårt beste for å finna dei beste løysingane i kvart enkelt prosjekt i tett samarbeid med oppdragsgjevar.

Sidan firmaet vart starta har ein drive kontinuerleg med rådgjeving innanfor byggteknikk og byggeleiing. Frå 2004 har detaljprosjektering av småkraftverk og idrettsanlegg vore viktige arbeidsområder. I samband med store rehabiliteringsprosjekt innan vasskraft, har Bystøl utført byggeleiing og uavhengig kontroll.

Ingeniør Leiv Bystøl starta føretaket på Voss i 1963 som personleg selskap. Føretaket vart aksjeselskap i 1985. I 1986 vart det oppretta kontor i Vik i Sogn. Verksemda skifte namn til Bystøl AS i 1993.

Bystøl AS er medlem i RIF: Rådgivende Ingeniørers Forening.

Firmaet har hovudkontor i Vik og avdelingskontor på Voss.

Historie

1963: Ingeniør Leiv Bystøl starar med konsulentverksemd som personleg føretak.

1980: Bystøl vert stifta under namnet Bystøl og Jørgensen. Firmaet vert registrert på Voss under bransje «byggeteknisk konsulentverksemd». Det er to tilsette og Leiv Bystøl er dagleg leiar.

1985: Aksjeselskapet Bystøl og Jørgensen AS vert registert.

1986 : Avdelingskontoret i Vik i Sogn vert etablert. Det er fire tilsette i selskapet, to på Voss og to i Vik.

1991: Teikning på datamaskiner og vert teke i bruk.  

1993: Verksemda endrar namn til Bystøl AS.

2003: Småkraft-æraen byrjar med prosjektering av Hugla kraftverk i Vik kommune og Jordalen Kraftverk i Voss kommune.  

2004: Agnar Fosse tek over som dagleg leiar og selskapsadressa vert endra til Vik i Sogn. Ved utgangen av året er det fem tilsette i selskapet.

2008-2009: Bystøl er på Dagens Næringsliv sine lister over Gaselle-verksemder.

2011: Omsetninga til Bystøl passerer 10 mill kr og det er 12 tilsette. Detaljprosjektering av småkraftverk står for størstedelen av omsetninga. 26 småkraftverk prosjektert av Bystøl er satt i drift ved utgangen av året. Nær alle småkraftverka Bystøl har prosjektert er utbygde av lokale fallrettseigarar.     

2015: Jens A. Melheim tek over som dagleg leiar. I samtlege 11 år med Agnar Fosse som dagleg leiar leverte Bystøl positive årsresultat og talet på tilsette har auka frå fem til 15. Det er no 12 tilsette i Vik og tre på kontoret på Voss. Nesten all teikning vert utført i 3D og profesjonelle aktørar står for størstedelen av småkraftutbyggingane.   


Foto tilsette: Helge Grønningsæter.