Næringsprisen 2015

Bystøl har fått næringsprisen i Vik kommune for 2015. I begrunnelsen heiter det mellom anna:

"Bystøl AS har utvikla seg til å bli ein stor og viktig arbeidsplass i Vik kommune. Selskapet er også ein viktig samarbeidspartnar for andre verksemder som arbeider innan byggjebransjen. Bystøl AS bidreg til viktige kompetansearbeidsplassar, som har gjort det mogeleg for våre eigne ungdomar å finna interessante jobbar i heimkommunen. Selskapet dokumenterer også at det er mogeleg å rekruttera høgt utdanna folk til ein distriktskommune.

Bystøl AS er eigd av dei tilsette, og dei har i fellesskap utvikla selskapet med beina solid planta i lokalmiljøet. Selskapet profilerer vikjasamfunnet på ein framifrå måte, og er eit nytt eksempel på kva framtidstru og hardt arbeid kan gi av resultat. "

Ekstern link: http://www.vik.kommune.no/juleavslutning-med-tradisjonell-heider-og-aere.5826193-368669.html

Ny dagleg leiar i Bystøl

Jens M _DSC0087 utsnitt.jpg

Jens A. Melheim er tilsett som ny dagleg leiar i Bystøl AS og vil ta til i stillinga 1. januar 2015. Melheim er 39 år og har vore tilsett i Bystøl sidan mars 2011. Han er utdanna sivilingeniør ved NTNU, maskin og har doktorgrad innan strøymingsteknikk. Han har tidlegare arbeida ved SINTEF Energi AS i Trondheim og GexCon AS i Bergen.

Dagleg leiar gjennom dei 11 siste åra, Agnar Fosse, vil halde fram i firmaet som sjefingeniør og fagansvarleg innan vasskraftbygging. Han vil spesielt ha ansvar for prosjektering av vasskraftprosjekt. Fosse held også fram som største aksjonær og styrleiar i Bystøl AS.