Freim Kraftverk

Kunde: Hardanger Kraft AS (Odda Energi AS)

Ferdigstilt: April 2013

Bystøl utførde bygg- og anleggsteknisk prosjektering, utarbeiding av planar for miljø og landskap og tekniske planar til NVE.

Freim kraftverk ligg i den bratte Freimslia i Odda i Hordaland fylke. Vassvegen er bratt med 203 m trykkhøgde på 660 m. Dette gjev ei gjennomsnittleg stigning på 32 %. Spesielt utfordrande i prosjektet var dam og inntak i eit bratt gjel med sidebratt tilkomst. Dette vart løyst med bogedam og ein inntakskonstruksjon i betong. Øvst vart PE-røyr nytta i det sidebratte terrenget, duktile røyr med strekkfaste muffer i bratt terreng. Kraftstasjonen er plassert i eit bustadområde og det vart sett strenge krav til støydemping. Dette vart løyst med bygg i betongelement, vasslås på utløpskanalen og støydemping på innluftristerog utluftskanalar.

Innstallert effekt:
Årsproduksjon:
Slukeevne:
Vassveg:
Turbin:
Trykkhøgde:
Damtype:
Byggetid:

0,7 MW
3,66 Wh
0,38 m3/s
275 m PE Ø560 + 385 m Duktilt DN500
Horisontal, to-stråla Pelton
203 m
Bogedam
10 månadar