Ny dagleg leiar i Bystøl

Jens M _DSC0087 utsnitt.jpg

Jens A. Melheim er tilsett som ny dagleg leiar i Bystøl AS og vil ta til i stillinga 1. januar 2015. Melheim er 39 år og har vore tilsett i Bystøl sidan mars 2011. Han er utdanna sivilingeniør ved NTNU, maskin og har doktorgrad innan strøymingsteknikk. Han har tidlegare arbeida ved SINTEF Energi AS i Trondheim og GexCon AS i Bergen.

Dagleg leiar gjennom dei 11 siste åra, Agnar Fosse, vil halde fram i firmaet som sjefingeniør og fagansvarleg innan vasskraftbygging. Han vil spesielt ha ansvar for prosjektering av vasskraftprosjekt. Fosse held også fram som største aksjonær og styrleiar i Bystøl AS.