Bekkinntak Seljedalsoverføringa

Kunde: Statkraft Energi AS

Periode: 2008-2015

Seljedalsoverføringa er ein tunnel som tek inn elvane Seljadalselvi, Tura og Hugla og overfører vatnet til Refsdalsdammen. I samband med rehabilitering av sideinntaka har det blitt montert damluker for spyling av sediment og lausmassar. Bystøl har vurdert funksjon og tilstand til dei gamle inntaka og i samråd med Statkraft komme med framlegg til nye løysingar for betre driftstryggleik. Valde løysingar har deretter blitt detaljprosjektert.