Rehabilitering dam Målsete

Byggherre: Statkraft Energi AS

Tidspunkt: 2013

Bystøl utførde byggeleiing og kontrollarbeid.

Rehabilitering av Målsetdammane på Vikafjellet i Vik i Sogn. Hovuddammen er ein 173 meter lang skråstilt platedam med 34 pilarar. Største høgde er 19 meter.  Overløpsdammen er 73 meter lang skrå platedam med  14 pilarar og største høgde 9,5 meter.  Båe dammane vart forsterka med fjellboltar og fugene på vassida vart reparerte. På hovuddammen vart det påstøypt betongklossar med oppspente stag. På sperredammen vart det påstøypt eit samanhengande betongfundament på luftsida.