Skår Kraftverk

Kunde: Tussa Energi AS

Ferdigstilt i november 2014. Oppstart i januar 2015.

Bystøl sin jobb i prosjektet har vore utarbeiding av anbodsgrunnlag. Arbeids- og armeringsteikningar. Miljø og landskapsplanar samt tekniske planar til NVE.

Skår kraftverk ligg i Skår i Vanylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Kraftverket nyttar eit fall på 319,5 m i Skårelva. Kraftverket har ein installert effekt på 1,4 MW og ei slukeevne på 0,5 m3/sek. Estimert årsproduksjon er på 4,73 GWh. I anlegget inngår stasjonsbygg med ferdig golv på kote +20,5 m. Nedgraven røyrgate med duktile støypejernrøyr med DN500 i heile lengda. Røyret ligg i trykklasse C40 og C30 og det er lagt 780 meter standard røyr og 320 meter strekkfaste røyr. Inntaket i Skårelva har HRV på kote +340,0 m.