Ledig stilling i Bystøl


Bystøl søkjer trainee innan byggteknikk

Bystøl AS søkjer etter ingeniør eller sivilingeniør innan byggteknikk til vårt kontor i Vik i Sogn. Me kan tilby oversiktleg og fleksibelt arbeidsmiljø med kort veg til sjefen. Du har stor fridom til å styra eigen arbeidsdag, og du kjem til å arbeida med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver innan vasskraft og byggebransjen. Me er spesielt interesserte i deg som kan BIM eller er god på vassdragsteknikk, konstruksjonsteknikk eller anleggsteknikk.  

Traineestillinga er utlyst gjennom Framtidsfylket med søknadsfrist 1. mars. Om du vil du søkje eller ynskjer meir informasjon, fylg denne lenkja.

Om du utanom den ledige stillinga tykkjer Bystøl og det me held på med verkar interessant, er du hjarteleg velkommen til å senda ein open søknad.

Skriv kort om din bakgrunn og kva du kan bidra med. Legg ved CV og send søknaden på e-post til dagleg leiar, Jens A. Melheim.

Dei fleste tilsette i Bystøl har faktisk "kome rekande på ei fjøl".