Bystøl - rådgjevande ingeniørar

Foto tilsette: Morten Ovrid.

 

Bystøl er ei verksemd med rådgjevande ingeniørar som driv innan bygg- og anleggsteknikk.  Verksemda er uavhengig, og er eigd av dei tilsette. Me er ein liten og fleksibel organisasjon. Alle yter me vårt beste for å finna dei beste løysingane i kvart enkelt prosjekt i tett samarbeid med oppdragsgjevar.

Sidan firmaet vart starta har ein drive kontinuerleg med rådgjeving innanfor byggteknikk og byggeleiing. Frå 2004 har detaljprosjektering av småkraftverk og idrettsanlegg vore viktige arbeidsområde. I samband med store rehabiliteringsprosjekt innan vasskraft, har Bystøl utført byggeleiing og uavhengig kontroll.

Ingeniør Leiv Bystøl starta føretaket på Voss i 1963 som personleg selskap. Føretaket vart aksjeselskap i 1985. I 1986 vart det oppretta kontor i Vik i Sogn. Verksemda skifta namn til Bystøl AS i 1993.

Bystøl AS er medlem i RIF: Rådgivende Ingeniørers Forening.

Firmaet har hovudkontor i Vik og avdelingskontor på Voss og kring 20 tilsette pr. januar 2022.