Røyrbru Fausa kraftverk

DSC_0030.JPG

Bystøl har utført styrkeberekningar av røyrbru med klammer for feste av hengebru og kontroll av eksisterande brutårn i samband med rehabilitering av Fausa kraftverk. Gamle røyr skulle erstattast med nye rustfrie stålrøyr frå kraftstasjonen og eit stykke oppover lia. Der røyrgata kryssar Fausaelva er det bygd ei røyrbru med mellomlagringar, det vil sei ei enkel hengebru.

Lengda mellom betongkonsollane i kvar ende av brua vart ca. 30 meter, og hellinga i vertikalplanet på 36 grader. To mellomlagringar delar røyret inn i 3 seksjonar á 10 meter, og tårna har ei høgd noko over 3 meter. Aktuelle krefter som vart vurdert var krefter pga. vasstrykk, eigenvekter, miljølaster og krefter som følgje av temperaturendringar.

Kunden var Stranda Energi AS.