Rehabilitering Tunsbergdalsdammen

DJI_0039B.jpg

Kunde: Statkraft Energi AS

Anleggsperiode: 2015-2017

Bystøl var kontrollør ved rehabiliteringa av Tunsbergdalsdammen. Dammen ligg i Leirdalen i Luster kommune.

Rehabiliteringa omfatta utbetring av flomavleiing, lekkasjemål og plastring. Dammen vart dermed bygd éin meter høgare og plastra med om lag åtte meter ekstra stein i breidda. Flaumlaupskapasiteten vart utbetra, og eit nytt lekkasjemålesystem vart installert. Totalt gjekk det med om lag 200 000 m3 stein i prosjektet.