Settefisk


Bystøl tilbyr bygg- og anleggsteknisk prosjektering av inntak, reguleringsdammar og overføringsrøyr i samband med settefiskanlegg. Me søkjer å finna dei beste løysingane i nært samarbeid med oppdragsgjevar og leverandørar i kvart prosjekt. Etter vårt syn er alle anlegg unike;  dam, inntak og røyrgate må tilpassast terreng, slukevne, hydrologi, konsesjonskrav med meir.  

Me tilbyr følgjande tenester:

·        Utarbeiding av detaljplanar og kontrollplanar til NVE

·        Utarbeiding av skjema for klassifisering av dammar til NVE

·        Utarbeiding av underlag og rådgjeving ved innkjøp av røyr og røyrdeler, rister, luker med meir

·        Utarbeiding av anbodsgrunnlag og kontrahering av entreprenørar for grunn- , betong-, røyr- og tømrararbeid

·        Utarbeiding av arbeidsteikningar, armeringsteikningar og sluttdokumentasjon

·        Utarbeiding av byggherren sine planar for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) og miljøoppfølgingsplanar (MOP)

·        Kontakt og søknader til myndigheiter som kommune, fylkesmann, fylkeskommune, Vegvesen og NVE

For meir informasjon om våre tenester innan settefiskanlegg, ta kontakt med dagleg leiar Jens A. Melheim