Tenester småkraft


Bystøl tilbyr komplett bygg- og anleggsteknisk prosjektering av småkraftverk. Me søkjer å finna dei beste løysingane i nært samarbeid med oppdragsgjevar og leverandørar i kvart prosjekt. Etter vårt syn er alle småkraftverk unike.  Dam, inntak, vassveg, turbinoppsett og kraftstasjon må tilpassast terreng, slukevne, hydrologi, konsesjonskrav med meir.  

Me tilbyr følgjande tenester:

·        Utarbeiding av detaljplanar og kontrollplanar til NVE

·        Utarbeiding av skjema for klassifisering av dam og trykkrøyr til NVE

·        Optimalisering av slukeevne, røyrdimensjon og -type og turbinoppsett

·        Utarbeiding av underlag og rådgjeving ved innkjøp av elektromekanisk utrustning, røyr og røyrdeler, rister, luker med meir

·        Utarbeiding av anbodsgrunnlag og kontrahering av entreprenørar for grunn- , betong-, røyr- og tømrararbeid

·        Utarbeiding av arbeidsteikningar, armeringsteikningar og sluttdokumentasjon

·        Utarbeiding av byggherren sine planar for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) og miljøoppfølgingsplanar (MOP)

·        Kontakt og søknader til myndigheiter som kommune, fylkesmann, fylkeskommune, Vegvesen og NVE

·        Byggeleiing    

Bystøl har erfaring frå komplett prosjektering av over 50 ulike småkraftverk, sjå referansar. Me har arbeida både for grunneigarar, lokale energiverk og nasjonale småkraftutbyggingsselskap. 

 

For meir informasjon rundt våre tjenester innan småkraftverk, ta kontakt med dagleg leiar Jens A. Melheim