Idrettsanlegg

Varierte anlegg for vinter- og sommaridrett

I Bystøl likar me unike og utfordrande prosjekt utanom det vanlege. Me har erfaring med planlegging, prosjektering og byggeleiing av varierte idrettsanlegg. Fleire av våre tilsette har personleg engasjement og erfaring som aktive utøvarar og trenarar innan skiskyting, langrenn og ballidrettar. Slik allsidig interesse bidreg til å finne dei gode og kreative løysingane i kvart prosjekt. I Bystøl kan me ta på oss oppdrag for eit breitt spekter av idrettsanlegg som td: stadionanlegg, kunstgrasbaner, løpebaner, hoppbakkar og skisenter for å nemne noko.

Tenester idrettsanlegg

  • Idèutvikling

  • Skisseprosjekt

  • Forprosjekt og analyser i samband med søknadsprosessar (Tippemidlar mm)

  • Innmåling og masseberekning

  • Utarbeiding av anbodsgrunnlag og kontrahering

  • Prosjekt- og byggeleiing

  • Prosjektering av løyper og løypedesign

  • Komplett utarbeiding av arbeidsgrunnlag som planar, detaljar, profilar og snitt

  • Byggesøknadar

 

Ta kontakt

For meir informasjon rundt våre tjenester innan idrettsanlegg, ta kontakt med:

Jens A. Melheim

Dagleg leiar
Tel.: 41 21 55 17
E-post: jens@bystol.no