Erko Settefisk

Erko settefiskanlegg ligg i Sagvåg i Stord kommune, Hordaland. Anlegget har konsesjon til produksjon av 5 millionar smolt årleg. Styrande føresetnadar for konsesjon er:

  • Krav om minstevassføring 100 l/s heile året. Måleanordning for registrering av minstevassføring skal etablerast, og data skal kunne bli lagt fram på førespurnad.

  • Vassuttaket Storavatnet skal regulerst mellom kote +10,6 og + 10,1. Reguleringsgrensene skal markerast med faste og tydelege vasstandsmerke som det offentlege godkjenner.

  • Vassuttaket skal avgrensast til maksimalt 0,33 m3/s og skal ikkje overstige 0,192 m3/s gjennomsnittleg uttak over året. Det skal installerast vassmålar og vassuttaket skal loggførast kontinuerleg. Data skal kunne leggjast fram på førespurnad frå NVE.

Bystøl prosjekterte inntak og dam i Storavatnet, og også to mindre tersklar for vandring av fisk. I tillegg vart det prosjektert eit arrangement for minstevassføring ved reguleringsterskel i Sagvågelva.

Inntaket vart prosjektert separert frå dammen, og dammen vart ein terskel med overløp på kote +10,6 i to meters breidde. I forlenginga av terskelen vart det prosjektert ei flaumluke med dimensjon 1400x1400mm som kan nyttast til å senka vassnivået i forkant av varsla store nedbørsmengder. Mellom luka og fjell fekk ein eit kammer for måling av minstevassføring, og almennheita har tilgang til taket på tilhøyrande lukehus, der det står skilt med informasjon om reguleringsgrenser og display med gjeldande verdiar.

For arrangementet for minstevassføring i elva, gjeld fylgjande:

  • Elektronisk målar er etablert i frostfritt kammer.

  • Logging av vassnivå ein gong pr. time registrerast elektronisk og dataa vert overført trådlaust til styresystemet til settefiskanlegget og lagra.

  • Display med gjeldande minstevassføring og vasstand er plassert på rekkverk på taket på inntakshuset.

  • Informasjonsskilt om krav til minstevassføring og reguleringsgrenser er plassert ved sida av displayet.

  • Målestav for manuell avlesing av vasstanden er plassert på søyle mellom tappeluke og reguleringsterskel.

Illustrasjon av arrangement for minstevassføring i elva

Settefisk