Nkusi Power Station i Uganda

Kunde: Flowpower AS

Ferdigstilt: Oktober 2018

Bystøl utførte prosjektering av betongkonstruksjonar: Dam, inntak, betongpropp, røyrfundament, kraftstasjon og personalbygg.

Kraftverket utnyttar fallet til River Nkusi. Stasjonen ligg i Hoima District, på grensa til Kibaale District i den vestre regionen av Uganda. Tilkomsten til anlegget er via båt på Lake Albert, og vegen mellom stasjon og inntak består av ein gangveg bygd ut frå dei bratte klippene over elvefaret. Under bygging hadde ein òg tilkomst til inntaket gjennom tunnelen der GRP-røyr lagt opp på konsollar fører vatnet ned til kraftstasjonen.

På det meste arbeidde om lag 100 ugandarar med bygginga av kraftverket, og over 95 prosent av arbeidstimane er utført av lokal arbeidskraft. Bystøl har gjennom åtte turar også drive med byggjeleiing og opplæring av lokale. Kunnskap og kompetanse vart vidareført, og resultatet er elektrisk kraft til om lag ein million menneske i Uganda.

 

Innstallert effekt:
Årsproduksjon:
Slukeevne:
Vassveg:
Turbin:
Trykkhøgde:
Damtype:
Byggetid:

9,6 MW
46 GWh
8 m3/s
905 m med 1600 mm GRP-røyr i bergsprengt tunnel + 256 m utløpskanal
2 stk. Francis-turbin
167 m
Massiv betongdam
Ca. 3 år

Vannkraft