Stardalen kraftverk

Stardalen kraftverk - Inntak med grindreinskar

Kunde: Tinfos AS

Ferdigstilt: 2021

Stardalen kraftverk er eit elvekraftverk som nyttar trykkfallet i nedre del av Stardalen inst i Sunnfjord kommune. Stardalselva er ei breelv som fører med seg lausmassar under flaumar. Det er difor installert eit arrangement i inntaket, som syter for kontinuerleg spyling av lausmassar. Vidare er ein av turbinane belagt med ekstra belegg mot slitasje, og berre denne vil bli nytta når det er mykje slipestoff i vatnet. Vassvegen er 2,8 km lang i tunnel og om lag 250 m inne i fjellet er det ein betongpropp. Frå proppen ligg to parallelle GRP-røyr ut til kraftstasjonen. I kraftstasjonen er det installert tre Francisturbinar som sluker 12,6 m3/s + 12,6 m3/s + 6,3 m3/s, som gjev god verknadsgrad ved alle vassføringar

Innstallert effekt:
Årsproduksjon:
Slukeevne:
Vassveg:
Turbin:
Trykkhøgde:
Damtype:

16 MW
50 GWh
31,6 m3/s
Tunnel + parallelle DN2400/DN2700 GRP-røyr
Tre Francisturbinar
64 m
Bogedam

VannkraftGuest User