Tenester spesialprosjekt


I Bystøl tek me gjerne prosjekt utanom det vanlege. Me likar å få brynt oss på uvanlege problemstillingar der vår varierte og allsidige bakgrunn og erfaring kjem til nytte.

Fleire av våre tilsette har lang erfaring som aktive utøvarar og trenarar innan skiskyting og langrenn og dei blir ekstra ivrige når idrettsanlegg skal prosjekterast. Med alt frå tømrarmeistar og industrirobot-ekspert til doktoringeniør i fleirefasestrøyming på laget kan me løysa eit stort spekter av det me kallar spesialprosjekt.    

Ved hjelp av avanserte 3D-verktøy kan me utføra avanserte berekningar av komplekse konstruksjonar.  Av og til må derimot ark og blyant finnast fram for å bryta ned komplekse problem til fleire enkle reknestykke.

For meir informasjon om våre tenester innan spesialprosjekt, ta kontakt med dagleg leiar Jens A. Melheim