Bystøl er sertifisert Miljøfyrtårn

Begge avdelingane våre i Vik og på Voss vart sertifisert som Miljøfyrtårn i desember 2019.

I Bystøl er me opptekne av berekraft og jobbar målretta med å redusere klimagassutsleppa våre. Det inneber heilskapleg og systematisk arbeid med tiltak innan område som innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og korleis med har det i lokala våre. I tillegg jobbar me etter krav om miljøriktig prosjektering i oppdraga våre.

Nokre av tiltaka me gjer er å sortere avfall i 6-8 fraksjonar, nytte varmepumper til oppvarming, styre lys med fotoceller, gjennomføre videomøter og kjøpe klimakvotar dersom me nyttar fly. Miljøfyrtårn er innarbeidd som ein del av HMS/KS-systemet vårt og er jamleg tema på kontormøter. For å sikre at Bystøl er ein trygg og god arbeidsplass gjennomfører me årlege risikoanalysar, og har utvikla vår eigen miljøpolicy som seier noko om kven me skal vera, korleis me skal ha det på jobb, og korleis me jobbar med det ytre miljøet.

Miljøfyrtårn er eit anerkjend og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, og er det mest brukte sertifikatet i Noreg for verksemder som vil dokumentere miljøinnsatsen sin og syne samfunnsansvar. Les meir på: www.miljofyrtarn.no

Utdeling av plakett for Miljøfyrtårn ved kontoret i Vik. Frå venstre Lisbeth Langbakk (Miljøfyrtårnansvarleg Vik), Hilde Espeland (administrasjon- og økonomisjef), Roy Egil Stadheim (Ordførar i Vik kommune) og Jens Melheim (Dagleg leiar)