Klimamål
Bystøl AS med kontora i Vik og på Voss vart sertifisert som miljøfyrtårn i 2019. Sidan den gong har me arbeidd målretta med miljøarbeidet både internt og i prosjekt. Me har sett oss konkrete klimamål fram til 2030.
Klimamåla til Bystøl skal nåast ved:
Klimarekneskap for Bystøl AS
Bystøl AS er ei miljøfyrtårnverksemd og me arbeider kontinuerleg med å redusere fotavtrykket vårt. Me skal gjere vårt bidrag til at Noreg skal nå sine klimamål. Klimamålet vårt er å redusere utsleppet av CO2 med 75 % pr. årsverk i høve 2018-nivået innan 2030.
Eksterne møter som kan gjennomførast som video-konferanse, skal i størst mogleg grad gjennomførast på denne måten.
Innan 2030 skal alle firmabilar vere null-utsleppsbilar.
Fly skal berre brukast dersom absolutt nødvendig. Flyreiser skal kompenserast for.
Bevisst reduksjon av forbruksmateriell og gjere klimavenlege innkjøp.
Status
Bystøl har dei siste åra jobba målretta for å redusere vårt klimaavtrykk og bidra til det grøne skiftet i bygg- og anleggsbransjen. Gjennom ei rekkje tiltak er vi godt på veg mot å nå klimamålet vårt. Sidan 2018 har vi redusert våre utslepp av CO₂ per årsverk med 55 % – eit resultat vi er stolte av, og som viser at praktisk handling gjev reelle resultat.
Hovuddelen av utsleppa våre kjem frå energi og transport, og her har vi sett inn dei største tiltaka. Overgang frå fossildrivne til elektriske bilar har gitt store utslag. Me har òg investert i moderne energiløysingar som varmepumper, balansert ventilasjon og styringssystem for belysning, noko som samla reduserer energiforbruket utan å gå på kompromiss med komfort.
I tillegg har me hatt fokus på sirkulære og berekraftige val i kvardagen – frå kjeldesortering og betre avfallshandtering til gjenbruk av møblar og utstyr. Me har også lagt til rette for grøne reiseval med sykkelparkering, innkjøp av elsykkel til oppdrag i nærområdet og tiltak som gjer det lettare for tilsette å velje miljøvennlege transportløysingar.
Bystøl skal halde fram med å redusere energibruken, forbetre bygga våre og stille krav til miljøvenlege løysingar i alt vi gjer. Me ynskjer å vere ein del av løysinga – og vise at berekraft og god drift går hand i hand.