Osland Settefisk

Settefiskanlegget er lokalisert i Sørebu i Høyanger kommune, Sogn og Fjordane. Her har det vore produksjon av settefisk sidan 1986. Nytt anlegg stod klart i 2016 med konsesjon for produksjon av 2,5 millionar smolt årleg. I samband med dette prosjekterte Bystøl arrangementet for minstevassføring for å tilfredsstille krav om å sleppe 54 l/s om sommaren og 25 l/s om vinteren, samt avgrense vassuttaket til maksimalt 35 m3/min. Dette må kunne loggførast kontinuerleg, og data må kunne bli lagt fram til myndigheitene ved førespurnad.  

Det vart etablert eit arrangement for måling og registering av minstevassføring i tilknyting til eksisterande inntakshus med filter nær terskelen i Sørebøelva. Vatn vart teke i kammer rett nedstraums innløpsventil i inntaket og ført i røyr for måling og registrering. Målaren er plassert i eit kammer på utsida av inntakshuset, med luke for innkomst. Varmeovn vert plassert i kammeret som frostsikring.

Arrangementet omfattar fylgjande:

  • Elektronisk målar er etablert i frostfritt kammer

  • Logging av vassnivå ein gong pr. time registrerast elektronisk og dataa vert overført og lagra i styresystemet til settefiskanlegget

  • Display med gjeldande minstevassføring er plassert på veggen til inntakshuset

  • Informasjonsskilt om minstevassføringa er plassert ved sida av displayet på veggen til inntakshuset

Illustrasjon av eksisterande inntakshus med kasse for måling og rør ut i elva for minstevassføring

Settefisk