Bjørsvik Settefisk

Bjørsvik settefiskanlegg ligg i Bjørsvika i Lindås kommune i Hordaland. Anlegget er ein del av Lerøy Seafood sin avdeling Lerøy Vest.

Bystøl prosjekterte ei Y-avgreining med røyrbru og trykkrøyr DN700 frå ei eksisterande kraftverksrøyrgate. Røyra gir settefiskanlegget ny vasstilførsel, og erstattar fleire PE-røyr som låg over ei trebru. Sjølve avgreininga består av eit stålrøyr innstøypt i ein betongkloss som er fundamentert på fjell.

bilde-lerøy-vest.jpg