Rulleskiløype ved Stend jordbrukskule i Bergen (Pågåande 2022)

Bystøl har variert erfaring frå utbygging av idrettsanlegg. Med erfaring frå både arrangement-, utøvar-, og trenarsida, vart Bystøl sommaren 2021 engasjert som teknisk rådgjevar for plassering og utføring av rulleskiløype på Stavollen ved Stend jordbruksskule. Utbyggar er Bergen kommune og prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med Stend jordbrukskule.

Fana IL held til i området og både dei, skikrets og Norges skiforbund er delaktige i prosessen med å realisere utbygginga.

Føremålet med rulleskiløypa er i hovudsak rekruttering av born og unge opp til 18 år til skiskyting og langrenn, men og som område for trim og rekreasjon for alle i nærområdet.

Det spesielle med dette prosjektet er at eksisterande tilkomstvegar skal ombyggast til rulleskiløyper – som eit fleirbruksanlegg. Dette betyr eit spanande prosjekt som fordrar kreative løysingar innanfor rammene av eksisterande infrastruktur, der mellom anna tilkomstvegar i dag er nytta som tilkomstvegar til jordbrukskulen.

Arbeidet pågår og har så langt omfatta synfaring og oppmåling, og Bystøl har levert forslag til løypetrasear, vertikalprofilar og grunnlag for massebalanse.

Anlegget er plassert på Stend i Fana som ligg sør i Bergen kommune