Rulleskiløype på Reset i Volda

Bystøl har variert erfaring med prosjektering av idrettsanlegg. Med erfaring frå både arrangement-, utøvar-, og trenarsida, er Bystøl engasjert som teknisk rådgjevar for å etablere rulleskiløype i det eksisterande anlegget på Reset.

Bystøl skal prosjektere ca 2 km av ei rulleskiløype, arena og skiskyttararena for asfaltering.  Dette skal løysast ved å oppgradere eksisterande trasèar i første byggesteg. Det er varierande grunnforhold i området, noko som betyr at me gjer ei grundig planlegging av gode haldbare løysingar. Bystøl lagar anbodsgrunnlag og prosjekterar vinteren 2021/2022 situasjonsplan, vertikal- og tverrprofilar og andre nødvendige detaljar til arbeidsgrunnlag. Planlagt oppstart i terreng er sommar 2022.

Oppdragsgjevar er Volda turn og idrettslag (VTI). VTI sitt anlegg ligg vakkert plassert på Reset om lag 5-6 km frå Volda sentrum. Dette skal bli eit anlegg for alle med rekruttering som hovudmål.